lørdag 3. september 2011

Bok 44: Profitøren

Det har vorte lite lese med meg i det siste.  I tider der ein har fokus på andre ting, kan det vere greitt å ty til lett underhaldning.

Denne krimromanen føyer seg inn i rekka "hending i notid med botn i fortid".  Fortida er 2. verdskrig og båttrafikken mellom USA og Noreg.  Godstrafikken gjekk i konvoiar.  For unge lesarar er kanskje dette med "krigsseglarar" og "krigsprofitørar" nye ord, i alle fall om eg skal døme etter dei svara eg fekk i ei skuleklasse.

Stine Lindh som føreles om forholda under 2. verdskrig, er den som skal løyse krimgåta.  Ho vil finne ut redereiet si rolle i skipstrafikken. Dette gjer ho med leigemordarar i hælane.

Eg vil kalle denne romanen lett underhaldning.  Han er spennande, og ein let seg underhalde.  Terningkast fire frå meg.

2 kommentarer:

  1. Denne har eg lese, den var sant åseie ikkje så verst. No les eg Jan Mehlum, han likar eg godt som lett underhaldning.Det er han med hunden Hulda, veit du. Og han skriv, og opplesaren les, i ein lett slentrande ironisk stil.Eg morer meg over boka "Bake kake søte."

    SvarSlett
  2. Han har det vesle ekstra,språket med sarkasmar og ironi.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...