torsdag 29. september 2011
Romeo and Juliet
Vi har kome til Romeo and Juliet i engelskboka. Der er vist til to filmar, den gamle frå 1968 og den nye moderne versjonen frå 1996. I fjor skaffa eg meg gamleversjonen, men har ikkje kome så langt som til å sjå han.
Dei siste åra har vi sett den nye med Leonardo Di Caprio. Elevane mine fekk velje i år, og dei valde den gamle versjonen - heldigvis. Det er berre å innsjå at 1996 også er gammalt for dei. Leonardo Di Caprio er ingen ungdomshelt lenger.
Versjonen frå 1968 er tru mot teksten og samtida og derfor mykje lettare å forstå. På førehand åtvarar eg mot at dette er ikkje underhaldningsfilm, men eit klassisk stykke som dei bør ha kjennskap til. Det gjer at ein slepp å høyre kor kjedeleg ting er. Det ser derimot ut som dei kosar seg. I morgon skal vi sjå den tragiske slutten. Eg gler meg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg synest 1996-versjonen er noko langdryg - i alle fall i klasserommet. 1968-versjonen har eg berre sett og synt klipp frå på youtube, og så har vi sett "Shakespeare in love" i si heilheit.
SvarSlettVi har vurdert den og.
SvarSlettKommentar frå ei jente i dag: Dette er den finaste filmen eg har sett!
SvarSlettDei er samde om at det ikkje passar med pistolar. Denne gamle filmen er tru mot tida og teksten. Heretter vil eg satse på denne!
Takk for tipset!
SvarSlett