torsdag 21. januar 2016

Bok 2:Historia om det nye namnet

«Historia om det nye namnet» er ein stor filmatisk roman frå Italias mest kjende ukjende forfattar. Dette er bok 2 i Napoli-kvartetten. Boka byrjar der «Mi briljante venninne» sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet. «Historia om det nye namnet» er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Elena Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.

Eg har brukt relativt lang tid på denne romanen.  Her har vore ganske sosialt også etter nyttår, så det har gått meir i prating og strikking.  Eg greidde heller ikkje å få opp interessa slik at eg vart ivrig på å lese før eg var komen omtrent midt i boka.  No håper eg at eg snart får tak i nummer tre!

Romanen er fascinerane på mange vis.  Eg vert irritert på desse kvinnene, spesielt Lila. Men så innser eg at eg ser verda ut i frå vår tid.  Eg tenker at ein mann hadde slått meg berre ein gong. Lila lever med Stefano som er valdeleg.  Naboane høyrer det og godtar seg fordi ho har vore så høg på pæra. Det opprører lesaren.

Elles håper og trur eg Elena bryt trulovinga i bok 3! Ein kan vel seie at desse mennene kjem til kort på kvart sitt vis?

Romanen er omsett til nynorsk og nydeleg opplesen på sunnmørsdialekt!



2 kommentarer:

  1. Desse bøkene likte eg òg svært godt. No vurderer eg å vente på den fjerde før eg les dei to siste i serien.

    SvarSlett
  2. SPENNANDE Å GÅ TILBAKE I TID..
    MEN EIN MÅ LESE BØKENE MED DET I MENTE.

    GOD HELG :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...