søndag 17. januar 2016

Studentferien slutt

 I dag reiste studenten attende til hovudstaden. Då han var liten, tømde vi ofte kakeboksar og åt opp det siste julesnopet på dagen hans som er i morgon. Foreldra var inviterte vekk i går, så her vart det ikkje lagt opp til noko feiring.

Før han for fekk han middag. I tillegg til ertesuppe kokt på fenalårbeinet, kokte eg heile poteter og rabbebitar i suppa. Mor kokte eg i ei anna panne. Ein kan vel seie det vart julerestar!   Eg gjekk meg ein tur medan faren køyrde han til flyplassen.  Då sjåføren kom heim, åt resten av gjengen middag.

I går var studenten og eg på shopping.  Mi erfaring er at det å kjøpe kle til gutar kan gjerast svært effektivt. Vi fann det vi leita etter på Match -  og på skobutikken ved sida av.

No er det fem veker att til vinterferien, og i år er det berre tre veker mellom vinterferie og påskeferie!

2 kommentarer:

  1. Eg kan kjenne den gode lukta og smaken av middagen :)
    Tidleg påske i år altså ?

    SvarSlett
  2. Ja, eg trur den er omtrent så tidleg som det går an!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...