lørdag 9. januar 2016

Kvar januar...

... tenker eg at no skal eg klare meg med det eg har i kjøleskap og frysarar. Det einaste eg treng å kjøpe er meierivarer, frukt og grønt.  Eg er sikkert ikkje åleine om det!

Butikkane taklar det på ulikt vis.  Coop køyrer tilbod på frukt.  Så trekkjer kundane dit.  Spar køyrer 10-kronerstilbod, så fyller kundane som går inn på deira butikkar, korga full av ting dei snart vil trenge.  I tillegg kjem kupongane.  Kven tek ikkje imot det som er gratis?

I dag har det og vore minus 10 grader.  Eg retta dei siste tentamenane for 1. semester.  Då letta eg sjølvsagt ti hakk.  Inspirert av mor mi, lufta eg dynene i kulden.  Så få ein håpe at eventuelle små kryp døyr.  Med berre markar og slik kulde vi har no, håper eg at iberiasniglane og kreperer! 

God helg!

3 kommentarer:

  1. Har bevist latt vær å gå innom Spar denne uka.
    Vet at jeg ikke trenger noe, men går jeg innom
    om bare for å kjøpe melk til 10,- kommer
    jeg garantert ut med mer.
    Kjenner jeg får lyst til å skrive nynorsk når
    jeg leser bloggen din, men er så sjelden en gjør
    det nå så jeg er redd det ble mye mer feil enn
    på bokmål. Men liker godt å lese nynorsk
    Håper sneglene dør ja. Har ikke de her hos oss, enda
    Men de er dessverre ikke så langt unna
    Blått er flott. Ble fint på badet ditt.
    Ha en god søndag :)

    SvarSlett
  2. Takk! Og god søndag til deg!
    Eg var innom Spar for å kjøpe kaffibønner. Og så kom eg ut att med to nett med ting eg ikkje visste eg måtte ha ...

    SvarSlett
  3. Vi har nesten ikkje kjøpt mat etter jul, berre litt melk etc.I dag har eg vaska og rydda kjøleskapet-det er ganske "tomt" no. Vi har ein tendens til å kjøpe inn for mykje-men i år har vi vore ganske flinke til ikkje å "etterhandle"-kanskje på grunn av forkjøling og kulde?-

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...