lørdag 2. januar 2016

Årets lesaroppleving 2015

Nokre år greier eg å finne den eine boka, andre år har eg trekt fram romanar i ulike sjangrar.  Kva med 2015?

Når eg no har lese over dei 58 bokomtalane mine, så ser eg at eg har lese og likt mange bøker.  Når ein satsar på biblioteka og lydbøker, er ikkje alltid utvalet så stort.  det kan lett bli mykje krim.  Det er greitt nok i travle periodar, men av og til må ein utfordre seg sjølv!

Eg ser at då eg las Den største forbrytelsen, var eg inne på om den kunne bli årets bok på bloggen. Dette er ei typisk "Les ei bok og bli klok-bok".
 

Av andre gode bøker eg har lese, vil eg trekke fram Slåttekar i himmelen. Romanen er interessant og gripande.  Og ein kan sjølvsagt ikkje la vere å lese korleis det går vidare i Bror din på prærien.


2 kommentarer:

  1. Eg bladde gjennom bøkene eg har lese, somme to gonger, men trur eg skriv under på lista di, men vil også ta med "Svøm med den som drukner" av Lars Mytting. Men eg har lese mange bøker som eg ikkje hugsar noko av. Marthe Michelet si bok har eg i papirutgåve og har tenkt å lese den om att.

    SvarSlett
  2. Svøm med dem som drukner og Mi briljante venninne er og høgt på lista!
    Hoem si grip ei tidsånd som gjer at den er hakket betre - etter mi meining.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...