I dag prøvde vi ei av oppskriftene i Kokeboka mi. Retten fall godt i smak, og eg ser ikkje vekk i frå at den vil dukke opp på skulekjøkenet ein gong utpå hausten. Fiskerettar er noko av det raskaste ein kan lage til middag. Start med å sette på ris. Eg bruker å koke risen på svak varme i 15 minutt og så slå av plata. Den kokar ferdig på ettervarmen og held seg perfekt lenge, om middagen skulle bli utsett nokre minutt.
Til vår familie på fire dobla eg oppskrifta, dvs grønsakene. Fisken vog eg ikkje, men det er to seifiletar. Sidan eg visste at fisken ville gi frå seg ein del væske, hadde eg ikkje i vatn.
1/4 boksar høver godt på eit skulekjøken. No får ein kjøpt mindre boksar. Restar kan sjølvsagt brukast i til dømes kyllingrettar eller ei grønsaksuppe i staden for fløyte.
1/2 purre
1/2 raud paprika
1/2 gul paprika
1 ms olje
ca 1 cm riven, fersk ingefær
1/4 boks kokosmjølk (ca 1 dl)
1 ms søt chilisaus
1 dl grønsakbuljong (1 dl vatn + 1/2 terning)
200 g fiskefilet frå kvit fisk
1/4 ts salt
1/4 ts pepar
2. Ha olje i ein kjele og steik grønsakene raskt.
3. Skrell og riv ingefæren.
4. Bland kokosmjølk, søt chilisaus, grønsakbuljong og ingefær, og hell dette over grønsakene.
5. Lat alt koke i 3 minutt.
Skjer fisken i litt store bitar og legg dei i sausen. Lat sausen trekke i 8-10 minutt, til fisken har endra farge heilt igjennom og er ferdigkokt.
6. Smak til med salt og pepar. (Eg hadde salt og pepar i sausen og kverna salt og pepar på fiskebitane mine som var litt store.)
7. Server ris til.
Alltid kjekt med nye oppskrifter på fiskeretter.
SvarSlettMå prøve meg på den en dag.
Ha en herlig kveld :)
Sikkert godt, men fiskesmaken vert vel borte i sausen, eller?
SvarSlettSausen er ikkje så veldig sterk. Der er berre å prøve!
SvarSlettHm.. Den såg god ut.
SvarSlettTakk for tipset!