fredag 9. august 2013

Bok 38: Tråden

Frå coveret:
En by i opprør. Et folk i fare. En fortelling om håp, lojalitet og kjærlighet.Thessaloníki, 1917. Den natten Dimitri Komninos blir født, raseres den multikulturelle byen av en katastrofal brann. Fem år senere må en liten jente, Katerina, flykte til Hellas, da hjemmet hennes i Lilleasia blir ødelagt av den tyrkiske hæren. I kaoset om bord på båten kommer hun bort fra moren sin. Fra den dagen flettes livene til Dimitri og Katerina sammen. Thessaloníki, 2007. En ung gresk mann, oppvokst i London, nå student i hjemlandet, får høre livshistorien til sine besteforeldre for første gang - en dramatisk historie om mennesker som er blitt drevet vekk fra sin elskede hjemby med makt og vold. Historien han blir fortalt gjør et uutslettelig inntrykk, og får også store konsekvenser for hans egen fremtid.

Denne romanen er skriven etter same oppskrift som dei andre romanane til Victoria Hislop.  Ho lagar eit bakteppe med historiske hendingar og lagar ei historie som går over fleire generasjonar.  Dei historiske hendingane er interessante.  Menneskeskjebnane kunne ha vore interessante.  Men forfattaren vil så mykje.  Ho skildrar i veg.  I staden for å vise at der er godt samhald i ei gate, skriv ho det. Ordet hate vert mykje brukt. Det er eit ord ein bør vere forsiktig med bruken av, kunne det vorte sagt eller vist på andre måtar? Ho legg ut ein del spor som ho ikkje følgjer opp, meiner eg.

Språket er klissete og enkelt.  Når alt skjer i hjartet, får eg problem. Også denne romanen er for lang, ikkje i sider nødvendigvis, men i tidsrom. I staden for å femne så vidt, burde ho konsentrere seg om å kome under huda på menneska ho skriv om, meiner eg. Dei er altfor eindimensjonale etter mitt syn.  


5 kommentarer:

  1. Er litt kjedelig visst forfatteren ikke
    klarer å holde "Tråden"
    Kanskje jeg leser den likevel,
    Men ikke nå. Har visst etpar andre bøker
    på gang, må nok lese de ferdig før jeg
    starter på ei ny.
    Ønsker deg en god kveld :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg har lese dei andre bøkene hennar, så eg visste omtrent kva eg gjekk til ... No har eg starta på Politi.

    SvarSlett
  3. Eg likte veldig godt å lese om dei historiske hendingane, så første delen var ganske bra. Så glei det berre ut-akkurat som i Øya.Las nylig Politi, og hugsar ikkje eit kløyva ord av heile boka, av ein eller annan mystisk grunn. Ser at mange andre likte den. Eg er dessverre ibgen fan av Jo Nesbø og Harry Hole.

    SvarSlett
  4. Eg tykte Tråden var god underhaldning, og godt lesbar for søtsuppesjangeren, om ho kjem under den kategorien. Men byrjinga var best, einig i det.

    SvarSlett
  5. Jau, det er vel ein grunn til at ein les det, men eg skulle ønske at dei snille ikkje var berre snille og dei slemme stygge. - for å seie det sånn.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...