Mannen i huset ymta frampå om at den gongen han var student i Volda, steikte mor hans vaflar eller sveler fredagagane. Voldastudenten heiv seg straks på den. Han ønskjer seg sveler kvar fredag.
I fleire år var det ganske fast vaflar i heimen fredagane. Det var det Asgeir på barne-tv som inspirerte til. Eg synest og det var praktisk å sleppe smular når ein hadde vaska til helga.
I dag kom eg heim til nyvaska golv og ferdig middag. Då synest eg ikkje det var noko ork å lage sveler ...
Om eg har freista nokre blogglesarar, så finn de oppskrifta her.
Å, der er så godt med sveler. No er det lenge sidan eg laga.
SvarSlettKanskje eg skal prøve di oppskrift.
Det er kjekt å ha nokre i frysaren som ein kan
ta opp når det trengs...
God helg !
Eg hadde berre 1 l surmjølk, så noko nedfrysing vart det ikkje. Men eg var inne på tanken. Greitt å varme dei i microen
SvarSlettMmmm .. fekk lyst på ;-)
SvarSlettSjeldan eg har mørkeblå i hus.
God helg!
Takk for det! Eg har som regel kulturmjølk i hus. Ho vert mest brukt i vaflar.og så drikk vi det til ballj.
SvarSlett