Så rakk eg å lese ut den andre boka av Harlan Coben denne sommaren. Boka er kjøpt i Roma. Eg greier ikkje å finne ut om romanen er omsett til norsk.
Sjølve krimgåta likte eg ikkje så godt som denn førre boka eg las. Eg synest det vert litt mykje Hardy-guttene når ungdomar skal løyse krimgåter. Oppklaringa var heller ikkje heilt etter min smak.
Men det er god underhaldning, og det er greie romanar å lese på engelsk. Også denne romanen kan lesast sjølvstendig.
Det spørs om engelskstudenten skal få arve denne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar