Det er akkurat ei vek at av ferien. I morgon skal eg køyre studenten på flyet i Ørsta. Derifrå kjem han seg raskt og rimeleg til hovudstaden. Elstemann er der allereie. Dei skal på konsert saman i morgon.
Den komande studenten er i England. Han skal studere i næraste(?) bygd, Volda til hausten. Det vert nok rart for frøkna å bli "einebarn" i vekene. Ho skal starte på vidaregåande, på studiespesialiserande.
I dag starta vi opp att med tysdagstur. Det var vått, men triveleg. Bildet over tok eg på Fåvang for 9 dagar sidan. R hadde sådd stokkrosene direkte i bedet i vår. Ho hadde og sådd riddersporar. Kanskje eg skal prøve neste år?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar