I dag vil eg nok ein gong slå eit slag for heimebaka brød. Rundstykke er alltid populært, men i kvardagen er det ikkje alltid ein tek seg tid til å trille emne. Dette brødet tok eg rett frå bollen og baka det ut i olje på (teflon)bakebapiret. Deretter ruta eg det opp med deigskrapa.
I den svenske brødboka heiter brødet Pippirutor. Det inneheld berre grovt mjøl, men har ein variant med litt fint i som her.
Deigen kan varierast i det uendelege. Egga gjer at ein kan bruke meir grovt mjøl. Bruk litt mindre sammalen kveite,fin om du kuttar ut dei. Mjølk gir litt mjukare rundstykke enn vatn. Brødet kan sjølvsagt bakast utan frø. Fibramjøl får ein kjøpt for ca 12 kr kiloen på Rema 1000.
Ein kan sjølvsagt bake med hendene, men eg synest det er greitt å bruke kjøkenmaskin.
1 pk gjær5 dl mjølk, lunken
1 ts salt
1 ms sukker
1/2 dl rapsolje - eller anna nøytral olje
1/2 dl linfrø, gjerne knuste
1/2 dl solsikkekjernar
1/2 dl graskarkjernar
2 1/2 dl havregryn
2 1/2 dl sammalen kveite, grov
5 dl fibramjøl eller sammalen kveite, fin
1-2 egg (kan sløyfast - ta av litt til pensling)
ca 5 dl kveitemjøl
egg til pensling, frø til pynt
1. Ha alle ingrediensane i bakebollen. (Slapp av! Gjæren løyser seg opp på den tida du bruker til å ha i mjølet!)
2. Kna deigen ca 10 minutt i kjøkenmaskina.
3. Hev til dobbel storleik.
4. Lat gjerne maskina kna deigen nokre sekund.
5.Ha litt olje pa hendene og på bakebenken/bakepapiret. Form brødet på plata. Lag ruter.
6. Hev til dobbel storleik, ca 40 minutt.
7. Steik brødet ved 200-225 grader 20-25 minutt.
Dette brødet bør vere godt i matpakken!
Dette vil eg prøve. Eg har stor sans for grovt brød med mykje frø. Eg brukar ofte egg i brøda som eg bakar.
SvarSlettSer veldig godt ut, og lettvint
SvarSlettnår en bare har det rett på plata.
Må nok prøve en variant av dette.
God dag til deg :)