I mat og helse har vi fått gratis lærebøker og kokebøker. Desse har fått ein del kritikk fordi "kjøtbransjen" kjøper seg inn i faget.
Eg bestilte bøkene for å gjere meg opp mi eiga meining. Vi har i mange år delt ut ei kokebok som er betalt av alle opplysningskontora og helsedirektortet. Eg bruker å gjere elevane merksame på dette. Både helse- og omsorgsministeren oghelsedirektøren har eigne innleiingskapittel.
I eit fag i utvikling er det flott å få nye innspel. Det har kome kokebøker til alle elevane, men berre eitt sett lærebøker. Dei kan vi derfor berre bruke på skulen som eit supplement.
Mat og helse er det faget der færrast lærarar har utdanning. Ei slik lærebok med forslag til teoristoff og oppskrifter, kan vere til god hjelp for å sikre god undervisning.
Eg stussa først på at oppskriftene kom litt hulter til bulter.
Men det er fordi dei kjem i den rekkefølga dei kjem i leksjonane.
Det er mykje å lage i leksjon 4 ... Forslag i teoriboka.Oppskrifter i kokeboka.
Eg skal studere vidare på opplegget. Førsteinntrykket er at der er for lite ernæringslære.
Kokeboka har eg planar om å ta i bruk på heimebane allereie i morgon. Der er mange spennande oppskrifter som til dømes på sushi.
Eg synest det er viktig å bygge oppfaget frå det enkle til det meir avanserte. Vi begynner med grove rundstykke i leksjon 4 (før det trillar dei ut kantinerundstykke frå leksjon 1) via loff til klippekrans. Her er det grisssini i leksjon 1 og klippekrans i leksjon 5. Eg ser ikkje vekk frå at vi kan smette inn nokre grissini ein gon ut på hausten!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar