fredag 30. august 2013

Fredagssveler

Mannen i huset ymta frampå om at den gongen han var student i Volda, steikte mor hans vaflar eller sveler fredagagane. Voldastudenten heiv seg straks på den.  Han ønskjer seg sveler kvar fredag.

I fleire år var det ganske fast vaflar i heimen fredagane.  Det var det Asgeir på barne-tv som inspirerte til.  Eg synest og det var praktisk å sleppe smular når ein hadde vaska til helga.

I dag kom eg heim til nyvaska golv og ferdig middag.  Då synest eg ikkje det var noko ork å lage sveler ...

Om eg har freista nokre blogglesarar, så finn de oppskrifta her.

4 kommentarer:

  1. Å, der er så godt med sveler. No er det lenge sidan eg laga.
    Kanskje eg skal prøve di oppskrift.
    Det er kjekt å ha nokre i frysaren som ein kan
    ta opp når det trengs...

    God helg !

    SvarSlett
  2. Eg hadde berre 1 l surmjølk, så noko nedfrysing vart det ikkje. Men eg var inne på tanken. Greitt å varme dei i microen

    SvarSlett
  3. Mmmm .. fekk lyst på ;-)
    Sjeldan eg har mørkeblå i hus.


    God helg!

    SvarSlett
  4. Takk for det! Eg har som regel kulturmjølk i hus. Ho vert mest brukt i vaflar.og så drikk vi det til ballj.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...