Eg reagerer på slike pakningar side om side i butikken. Ein rask kik på innhaldet viser at skilnaden er at der er kakao i stjernene på Star Wars pakken. Dei som skal selje, veit kva dei gjer. Frøkna her gjekk rett bort til rosa sjampoar og andre prinsesseprodukt.
Det er vel feil å tenke så stereotypisk. Eg kjenner ei som hadde valt pakken til venstre. Og kanskje ein av gutane, han som leika med jentene, kunne ha funne på å plukke med seg den til høgre. Eg håper det er slik, for i utgangspunktet tenker eg at vi ikkje må dele meir opp i kjønn enn vi gjer!
Elles håper eg at alle foreldre som let ungane plukke med seg eit av desse produkte, stiller dei nokre spørsmål til refleksjon!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar