torsdag 8. oktober 2015

Kvardagssyslar

Det var fint og ryddig då vi kom att i går. Likevel er det mykje å ta tak i. Vi skal til å pusse opp badet nede, så det vert ein del å rydde vekk.  I dag tok vi ut fliser til golvet. No vert det nokre veker med eitt bad. Det bør gå greitt med tre personar i hus!

Når eg ser kupongane mine denne månaden så ser eg at eg aldri kom så langt som til å lage ei kake med peanøtter og Ritzkjeks. Men kjeksa gjekk med til ost og peanøttene gjekk med til is ... Heilmjølk får eg vel tilbod på fordi eg laga nokre karamellpuddingar. 

Oslostudenten fortalde at Icabutikken nær han bur, har vorte til Coop Mega. Så no har eg gitt han og systera pengar til Coopmedlemskap.  Der er alltid noko ein får billegare om ein er medlem, anten det no er juice, roser, filmar, bøker eller musikk. Så får vi sjå om det dukkar opp kupongar til dei i postkassa.

2 kommentarer:

  1. Vi laga oss nytt hovudbad i sommar. Det i kjellaren får vente. Kjøkken og bad er dei dyraste romma å endre. Men godt når det er gjort.

    Ikkje det verste å vere medlem av. Viss eg ikkje bruke kupongane med det same er det fort gjort å gløyme. Ikkje alltid eg forstår kvifor eg får dei tilbuda som står på dei.

    Fin helg ynskjer eg dokke!

    SvarSlett
  2. Dette er det andre badet vårt. Om eit par år tek vi kjøkenet.

    Eg ser kvifor eg får dei ulike tilboda ...

    Ei fin helg til deg og!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...