onsdag 28. oktober 2015

Bok 49: Mormor danset i regnet

I romanen «Mormor danset i regnet» vert vi kjend med skjebnane til tre generasjonar kvinner.  Juni, den yngste, har reist frå ein brutal ektemann.  Ho veit ikkje kven hennar eigen far er. Mora nekta å fortelje det også på dødsleiet.  No vil ho prøve å finne ut av familiehemmelegheitene.

Parallelt får vi høyre mormora si historie.  Ho forelskar seg i ein tysk soldat.  Det har vi høyrt om før.  Men det som gjer denne romanen så interessant, er kva som møter dei når dei vil forlate Noreg, og ikkje minst når dei kjem fram til Aust-Tyskland som er okkupert av russarane.  Kva lidingar det tyske folket vart utsett for etter krigen, har det vore lite fokus på.

Mor til Juni får vi vite minst om, men ho får og lide i oppveksten.  Nokre vegar er stengde for henne. Ho fekk heller ikkje vite kven som var den rette faren henar.

Mykje vert nøsta opp i romanen.  Vi ser likskapar i lliva deira.  Romanen har mange frampeik.  Ein forstår kva som må skje, men det gjer den samtidig spennande.

Eg har lese halve romanen i dag, for den er vanskeleg å legge frå seg.  Trude Teige greier å skrive om kjærleik på ein truverdig og usentimental måte.

VG gir romanen terningkast 3. Det kan godt hende det er rett som dei skriv, men eg vil verkeleg anbefale romanen, ikkje minst på grunn av det historiske bakteppet.



4 kommentarer:

  1. Eg synest boka var ganske middelmådig. Men på grunn av det "historiske"-dvs. Tyskland etter krigen, var den verd å lese.

    SvarSlett
  2. Det var noko der som greip meg. Språket er heilt annleis enn i desse men dame med ryggen til på coveret-bøker. Heldigvis.

    SvarSlett
  3. Er det same opplesaren som før? Eg føretrekk då å lese boka på papir. Aller helst hadde eg sett at Trude las inn sjølv.

    SvarSlett
  4. Ho skriv dessverre på bokmål, så eg er glad for at ho ikkje les sjølv ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...