torsdag 29. oktober 2015

Siste småstrikk


Eg har vegra meg litt for å begynne på noko stort strikkeprosjekt. Ein ting eg har tenkt på lenge, er å strikke meg gryteklutar til jobbruk.  Det ligge ei gratis oppskrift på pt design.  Eg valde fargar ut i frå fargen på forklea som eg kjøpte i sommar.  Dei andre eg bruker med namn på, er og raude.

Når eg steiker rundstykke til kantina, må eg alltid tenke ut kvar eg hadde gryteklutane sist.  Kjøkenet er utstyrt med fem omnar som eg flyg mellom.  Kanskje eg skulle utstyre meg med utstyr som på 70-talet då alle måtte stille med gryteklutar med strikk mellom?

dei nye gryteklutane vart tekne i bruk i dag.  Det fungerte flott dei første tre timane.  Men midt i den andre økta fann eg dei ikkje att når eg hadde bruk for dei.  Eg leita alle tenkelege og mindre tenkelege stader.  Til slutt fann eg dei - under forkleet!   Kva skal ein seie?

2 kommentarer:

  1. Haha, du er i farta forstår eg....
    I går gjekk me Rotarystien frå sjøen til Dæminga i Kaldholelva.
    Kor heldige dokke er som har ein slik flott trimveg i nærmiljøet.
    Me som bur på Dimnøya ( på landet) må køyre milevis for å finne grusveg, og gjer det kvar veke, enten hit eller dit...

    SvarSlett
  2. Ja, Rotarystien er flott å ha! Eg går der ofte, men no er eg avhengig av dagslys. Det vert til at vi går på vegen på bortsida om tysdagane. Det og er ein god veg å gå på.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...