tirsdag 4. desember 2012

Ekte kneipp

I den nye bakeboka mi "Nybakt til alle måltider" er det ei oppskrift på kneippbrød som eg bestemte meg for å prøve.  Kneippbrødet ein får kjøpt i butikkane, liknar ikkje på det opprinnelege helsebrødet som de kan lese om her.

Eg var litt spent på om det let seg gjere å bake eitt 100% grovt brød.  Det gjorde det!  No vil eg ikkje påstå at smaken var så spennande.  Eg synest det passa godt til sursild og kryddersild.

Om nokon av blogglesarane får lyst til å bake kneipp, så fin de oppskrifta her.

3 kommentarer:

  1. Eg har i mange år laga Ingers brød, som er 100prosent grovt. Men enda så mange ingrediensar der er i det, smakar det lite. Eg synest det kan vere godt med litt brødkrydder i det. Eg synest at ekte geitost er godt på, i tillegg til sild og anna smakssterkt pålegg.No har eg vore lens for dette brødet ei stund, men eg fann ei oppskrift på eit anna heilgrovt brød som eg kanskje skal prøve. Eg har også oppskrift på heilgrovt Røros-brød.

    SvarSlett
  2. Eg skal prøve med solsikkekjerner og blautlagde linfrø ein annan gong for å få brødet meir spennande.

    SvarSlett
  3. Det brødet så godt ut, takk for hyggelig hilsen hos meg :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...