Dette er også ei oppskrift på lettvinte rundstykke. Dei kan sjølvsagt bakast utan egg. (Fine rundstykke finn du oppskrift på her.)
1,25 l mjølk, fingervarm2 pk gjær
2 egg
1 ms salt
1 ms sukker
100 g smelta/flytande margarin eller smør
2 kg grovbakstmjøl (eller lag di eiga blanding)
1. Ha alle ingrediensane i ei stor kjøkenmaskin (Kenwood major) Kna deigen 10-20 minutt.
2. Lat deigen heve opp til kanten.
3. Trill glatte, fine rundstykke. Kvart emne veg ca 80 g.
4. Hev rundstykka ca 30 minutt.
Smør ev. med egg og dryss på solsikkekjernar/sesamfrø/valmuefrø/...
5. Steik rundstykka på 225 grader 12-15 minutt.
Dei ser knakande gode ut.
SvarSlettEg har også ei oppskrift som eg lagar ofte, den fann eg ein gong i spalta til Gunda Djupvik i Smp.. Forrige veke laga eg tre gongar, delte ut ein pose eller tre... i hytt og ver. Dei går unna.
Ser at du arbeidar dei lenge i mixaren, kvifor så lenge ?
Heime kan ein måle opp ulike ingrediensar. På skulekjøkenet er det lettvint med blandingar.
SvarSlettPå bakekurset med Morten Schakenda lærte vi at deigar skal knaast lenge i maskin. I hans oppskrifter skal alt unntatt gjær og salt blandast ein halv time før. Det er ikkje så lett på skulekjøken. Når ein formar, treng ein ikkje kna. Dette gjev gode og saftige brød - berre prøv!
Hm, takk for tips !
SvarSlett