onsdag 26. desember 2012

Byggrynskrem

I år bytte eg ut risgrauten på julaftan med byggraut.  Risgraut lagar vi ofte av risrestar, så det er ikkje så sjeldan kost lenger. I "gamle dagar" då ein levde på graut i Noreg, var ris sjeldan vare.  No er det vårt eige korn vi bruker sjeldnast.  Det burde det nok verte ei endring på, men det får vi ta att i januar.
Byggynsgraut
Eg kokte graut av ein pakke byggryn. Det står gjerne ei oppskrift på pakken.  Eg fylte vasskokaren med vatn og helte kokande vatn på gryna.  Byggryna fekk ligge over natta, men når ein skåldar dei, kan ein nok kutte ned på bløytetida.

Gryna hadde tatt til seg alt vatnet.  Ved frukosttider hadde eg først i ein liter H-mjølk og sette plata på lav temperatur.  Eg etterfylte med meir mjølk.  Det gjekk med ca 2 1/2 l mjølk.  Ved slik seinkoking svir ikkje grauten i botnen, og ein slepp å passe så nøye på.  Smak til med ca 1 ts salt og kanskje 1-2 ms sukker.  Eg meiner ein sparer på sukkeret om ein har litt sukker i sjølve grauten, men her får folk gjere som dei vil.

Viss de vil ha ei lita opskrift, sjå her.

Byggrynskrem
1 pk kremfløyte
2-3 ms sukker

ca 7 1/2 dl byggrynsgraut
mandeldropar eller vaniljesukker

Pisk kremfløyten med sukker.  Bland inn graut.  Bruk slikkepott! (Denne formaninga kjem frå skulekjøkenet ...) Smak til med mandeldropar eller vaniljesukker.  Eg veit nokon liker romdropar også.  Det finst sikkert meir eksklusive saker ein kan ha i og.

Server med raud saus.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...