tirsdag 18. desember 2012

Frå barnerom til ungdomsavdeling

 Det er berre nokre dagar til det er 20 år sidan vi flytta inn i nytt hus.  No må det pussast opp rom for rom.  Dette rommet var barnerommet til dei to eldste.  Då var to vegger Sesam Stasjon-blå og to vegger hadde furupanel.  Gardiner og sengetøy hadde Sesam Stasjon mønster.  Blogglesarane som ikkje har vore her, får berre sjå det føre seg.  No er det kvitt som gjeld.  Ja, vi har andre vegger i huset som så vidt vart malte om frå kvitt til mørkegrøne i si tid.  Då var kvitt "sjukehusfarge".  Dette rommet har minst dagslys av alle romma i huset, så det gjorde seg med dei lyse strøka.
 Første nyinvesteringa var ein Smart-TV.  Mors Blue-ray har og kome ned.  Hylla til høgre skal fyllast med DVD-ar, brettspel og bøker.  Senga skal ut og ein sovesofa og eit nytt bord  inn, har dei bestemt.

Rommet er ein suksess hittil.  I staden for å sitte på kvar sitt rom, samlar ungdommane seg her.Ein skal og kunne ta imot besøk av vener på eit ryddig rom.
Eg kjøpte noko "stæsj" for ein billeg penge på Kid og Prinsess. Badet ved sida av fekk handdukar i same stil. "Sei meg, kjøper du berre halv pris?" fekk eg høyre.  "Eg er usikker på om det er eg som kjøper for halv pris eller dei som kjøper før 12. desember som kjøper for dobbel pris" er mitt svar.

4 kommentarer:

  1. Dette blir bra. Skulle hatt eit slikt rom vi også, så hadde kanskje ungdommane kome oftare på besøk? Nei, det trur eg eigentlig ikkje, og så vil vi no sjå dei når dei ein sjeldan gong er her.Gratulerer med påbegynt nyoppussing.

    SvarSlett
  2. Herlig med et slikt rom der de kan samles.
    Stilige pute og håndkle.
    Helt greit med 1/2 pris. sjelden jeg kjøper slike ting til fulle (eller var det dobbel) pris
    Ha ei fortsatt god førjulsuke :)

    SvarSlett
  3. Eg har kjøpt slike 24-puter og pledd til dobbel pris, men kan godt tenkje meg meir i same serie viss eg finn det på tilbod. Deilig med fleeceputer!

    SvarSlett
  4. Eg kjøpte dei to siste eg såg i Ørsta. I Vik hadde dei fleire, men det spørs om dei er utselde no eller har meir på bakromet. Eg valde eit anna mønster på pledda... Seinare vil eg kjøpe inn sofa før eg kjøper gardiner og puter.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...