søndag 23. desember 2012

Sjuk til jul?

 Det slår aldri feil, ein eller annan i familien vert sjuk til jul.  Og er ingen sjuke, er det nokon som skjer seg eller skadar seg på annan måte.  Men det plar aldri vere eg. Eg har ikkje vore skikkeleg sjuk sidan milleniumskiftet.  Då låg eg på sofaen med influensa og såg det nye tusenåret starte i land for land.  Snille naboar tok med seg dei to eldste på nyttårsfeiring.  Så låg mannen og eg i kvar sin ende av bogesofaen.

I går natt vakna eg etter ein halv time med tett hals.  Noko særleg meir søvn vart det ikkje.  Eg stod opp tidleg, for eg var lei av å ligge vaken.  Etter å ha vaska, handla og laga middag, vart eg sittande under eit pledd å fryse til eg kunne legge meg.  Berre eitt av to kan skje, ein vert friskare eller sjukare.  Heldigvis har eg vore betre i dag, sjølv om eg framleis er forkjøla.  Men det går rette vegen. Ei forkjøling må ein rekne med innimellom.

Forkjølinga kom studenten heim med, trur vi.  Broren var heime frå skulen ei veke.  Til slutt måtte han til med penicillin.
I dag tok eg ned koppar og fat frå pyntehylla, så får ein vaske hylla med grønsåpe til jul.

Då vil eg ønskje blogglesarane som kikar innom ei riktig god jul!

5 kommentarer:

  1. Så kjedelig å være sjuk til jul.
    Men en får håpe det går fort over,
    Ønsker deg riktig god bedring :)

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Eg håper og trur eg har fått ein lett variant av sykja.

    SvarSlett
  3. Du snakkar om millenniunskiftet! Då sat eg åleine i stova og strikka lestar, far din var sjuk. I år er eg ikje heilt god, men ikkje direkte sjuk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...