søndag 16. desember 2012

3. søndag i advent

Det er mykje ein burde ha gjort i dag.  For meg er hoveddilemmaet husarbeid eller skulearbeid.  Derfor vert det litt av kvart.  I år har eg to todelte tentamensbunkar å knekke.  Dei skal ikkje leverast ut før jul, så eg kan utsetje dei til romjula eller nyttårshelga.

Mange andre har ikkje noko val. Dei  jobbe mykje ekstra før jul.  Viss folk hadde vit å halde seg heime i dag, så vart kanskje kjøpesentera stengde søndagane neste år? Nei, eg trur ikkje på julenissen.  Men eg synest det er synd at jula vert opp i ein stor kjøpefest.

Folk flest har vel halv skatt i desember og  dermed litt å handle for. I Oslo sag eg at sosialklientane 800 kroner ekstra til jul.  Det er kanskje det andre familiar kjøper adventskalendrar for, altså gåver før jul.
I går la eg til ein ny funksjon i bloggen: "Søk i denne bloggen." Der kan ein til dømes søke etter oppskrifter om ein vil.

6 kommentarer:

  1. Du dekkar i alle fall fine bord. Blir ikkje så mykje "stail" med oss nå vi er berre to.

    SvarSlett
  2. Eg måtte vaske glasa til jul Dekoren toler ikkje så godt vask, så eg bruker dei stort sett på julaftan, og då bør dei vere støvfrie ... Dei står opp ned, så inni er dei ikkje støvete. Serviettsamlinga har også godt av eit innhogg ...

    SvarSlett
  3. Uff, ja all denne handelen til jul har gått over alle breddegrader etter mi meining. Eg har fått det langt opp i halsen og har faktisk vore veldig lite på butikkar i Desember.
    Viktigare å kose seg i lag med litt julesysslar i heimen, meiner eg.
    Ang. innlegget mitt om lefser. Vi brukar i tillegg til dei eg skreiv om kaffi lefser. Dei er det fyll i som t.d smør,melis,kanel. Eg brukar alltid melis i staden for sukker, slepp å røre det så mykje då. Føler eg må gjer det med sukkeret ellers blir det så knaskete. Men det er selvfølgelig smak og behag. Men som oftast brukar eg eit spesiellt fyll som eg kokar.

    Ha ei trivelig ny veke.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er einig i det med sukkeret. det må ev vere heilt oppløyst. Vi brukte begge delar no i år, og så hadde vi litt seterrømme i. Det kokte fyllet må du kome attende til ein gong!

      Slett
  4. Eg er så einig med deg når det gjeld opningstider og shopping, men innser at ikkje alle har høve til å la bunkane ligge til romjula. Min siste ligg trygt i mappa si, og eg konsentrerer meg om trivielle syslar no siste veka før jul. Mykje skal i hus, og det skal vere reint og fint i heimen. Det er òg ein fordel om mora ikkje er totalt utsliten på julekvalden.

    SvarSlett
  5. Enig med deg..
    Fælt at søndag også er blitt kremmardag..

    Ha fin siste Adventsveke 2012!!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...