Vanlegvis bruker eg ikkje egg i baksten som skal seljast i kantina. Det hender der er elevar som ikkje toler det. I år trur eg det går bra. Eg passa på å smørje dei med egg også. Om nokon får lyst å bake dei heime, så kan dei få oppskrifta her!
1,25 l mjølk, fingervarm2 pk gjær
2 egg
1 ms salt
1 ms sukker
100 g smelta/flytande margarin eller smør
2 kg kveitemjøl
1. Ha alle ingrediensane i ei stor kjøkenmaskin (Kenwood major) Kna deigen 10-20 minutt.
2. Lat deigen heve opp til kanten.
3. Trill glatte, fine rundstykke. Kvart emne veg ca 80 g.
4. Hev rundstykka ca 30 minutt.
Smør ev. med egg og dryss på sesamfrø/valmuefrø/...
5. Steik rundstykka på 225 grader 12-15 minutt.
Så veldig gode ut. Disse må prøves :)
SvarSlett