I dag er det både dagen-der-på og dagen-før-dagen her i huset. Etter mange dagar med heller tung mat, serverte eg omnssteikt sei og fiskebollar i kvit saus Så fekk folk velje om dei ville ete det eine eller det andre - eller begge delar. Etterpå fekk eg litt avsetnad på dessertar og kaker. Det er greitt å få oppete det ein har før ein lagar nytt.
No for faren og frøkna på julefest utan meg. Dei fekk med seg ei korg med skillingsbollar. Eg er verst forkjøla om morgonen. Heldigvis har vi hatt nokre reklamefrie dagar som gjer at ein får sett sykjene sine i perspektiv. Ein får tole ei veke i ro kvart tiår.
I morgon brakar det laus med Grendacup. Eldstemann er med og arrangerer. Gutane spelar på same lag som vanleg. Systera er sjølvsagt i ei anna klasse.
I dag dekte eg og på med lys og serviettar eg fekk til jul.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar