fredag 21. desember 2012

Siste innspurt

Jula handlar om tradisjonar.  Slik er det også på jobb. I går arrangerte tiandeklassingane juleball.  Frøkna var i pyntekomiteen.  Dei valde å pynte med raudt i år.
I dag har vi hatt kos og leikar på klasserommet, vore i kyrkja, gått gundt juletreet og hatt samlingsstund.  Etter at elevane har gått heim, har lærarane og pensjonistane triveleg julelunsj og kaffi.

Det har vore mykje snakk om at verda skal gå under. Det har vi høyrt før og vorte trøysta med at ingen kjenner dagen og ingen kjenner timen - fritt etter Bibelen. Eg håper at media ikkje greier å skremme for mange born!

Vel heime var det ein som ville på julegåvehandel i byen.  I morgon må eg få fred til å gjere noko heime!

Bildet øvst er frå i går.

2 kommentarer:

  1. Her blir det "siste hand" på søndag. I morgon skal eg handle, lage fiskepudding etc. Er ikkje ferdig å pynte heller, er ikkje så ivrig med den pyntinga.Hadde vi hatt fok her julaftan hadde det vore litt annleis.

    SvarSlett
  2. Eg synest det er greitt med julepynt i juleferien. Det får halde med støvtørk før og etter ... I morgon skal dei hente juletre.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...