fredag 19. september 2014

Siste sommarlege dag?

 I dag har vi hatt idrettsdag på skulen.  Veret har vore nydeleg, sjølv om ein rett nok merkar eit haustleg drag i lufta.  Eine peacerosa må vere på det finaste no? 
Eg oppdaga at eg hadde kjøpt eit garnnøste for lite i dag.  Frøkna var med på butikken for å kike.  Ho fall for desse fargane som ein kan bruke til ei av Skappeljakkene.  Eine originalgarnet, Suri, har fått litt dårleg rykte fordi det loar. Så får vi sjå om vi kjem til å kjøpe desse fargane når eg er ferdig med jakka eg held på med.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei god helg!

3 kommentarer:

  1. Så bra at dokke hadde idrettsdag akkurat i dag.
    No har eg kjøpt Gullbygg etter inspirasjon frå deg ;-)
    God helg!

    SvarSlett
  2. God helg attende.
    Regnveret som var meldt vart av småslaget, eg heldt varmen både på Høddvoll og ikkje minst opp Ulsteindalen ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...