mandag 8. september 2014

Handlerunde

 I går hadde eg meg to arbeidsøkter.  Først retta eg ein bunke norsktekstar, så tok eg meg eit par timar på jobb mot kvelden for å førebu starten på veka.  I dag var eg på jobb frå 8-16, men kunne ta fri ettermiddagen for å ta meg ein handlerunde.  Ærendet var å sjå etter nokre nye kle til foreldremøte i morgon.  Eg fann ei bukse eg likte svært godt, men den var ikkje att i min storleik.  Dermed enda eg med ein topp og ei jakke. Med ei lys dongeribukse og eit par høghæla eccolakksko er eg klar for kvardagen.
Deretter var eg på jakt etter sagogryn.  Det finn eg ikkje i matbutikkane.  Mega i Ulsteinvik har eg ikkje sjekka.  Elles må eg vel sette min lit til innvandrarburikkane?  Om nokon av blogglesarane har sett det i ein butikk i Hareid, Ulstein, Ørsta eller Volda, få dei gi meg ein hint! 

Eg fekk i alle fall brukt seks av dei åtte kupongane.

2 kommentarer:

  1. Fine klede! Såg på FB at Bunnpris har sagogryn. Eg har ikkje sett etter her.

    SvarSlett
  2. Ikkje det eg kunne sjå! Spurte på Spar. Dei hadde ikkje lenger. Jakta held fram!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...