fredag 26. september 2014

Kva er det i posen?

 I går var eg med på å arrangerre i kurs i Kostholdsplanleggeren, eit nytt dataprogram som skal erstatte Mat på data.  Programmet er tenkt brukt på niandetrinnet.

Vi arbeidde med påågåver mellom anna med å rekne ut sukker i ulik drikke. Eg kom i snakk med ein annan lærar korleis eg illustrerer dette for elevane.  Eg har tatt ein potetgullpose.  Temaet er energi.  Energimenda i posen har eg målt opp i tilsvarane kaloriar i poteter.  Eg har også målt opp kor mykje feitt det er i posen og viser det med smør.  Eg presiserer at dette er familiepakningar.
 I oppgåvene skulle ein telje sukkerbitar i ulik drikke. Eg har brukt vanleg sukker.  De kan vel tenke dykk kva som overraskar mest!?  Er det verkeleg så mykje sukker i saft?  Det er derfor saft ikkje bør vere tørstedrikk eller serverast kvar dag.

Noko anna er isteen.  Kva skil den frå brus?  Svar: Kolsyre og eitt gram sukker per 100 g.
Og så var det dei tomme kaloriane.  I fjor sette enkelte elevar til livs ein heil pakke giflar i matfriminuttet.  Det har eg sett lite til i år.  Når matvarebutikkane opnar før skuletid, er det lett for ein ungdomsskuleelev å velje det billege og dårlege alternativet.  Ein muffin inneheld 400 kaloriar.  det er 1/6 av dagsbehovet for ei jente.

Så ser vi på kostsirkelen og finn dei gode vala ...

Som de ser, skriv eg "jukselapp" på baksida av pakkane. Eit år går fort.  Eg fraus ned bakarvarene i fjor.  Det er ikkje noko poeng at dei skal freiste elevane! Colaen er visst blitt heilt retro.


2 kommentarer:

  1. Det er jammen bra dei får innsikt i dette.
    Dei skulle nok hatt ein slik undervisningstime tidleg i småskulen óg.
    God helg.
    Me er på hytta, bakar og fyller fryseskap til haustferie og barnebarn.

    SvarSlett
  2. Eg tenker ein skulle nådd elevane i vidaregåande også, gjerne 2. Året. Det er foreldra som legg grunnlaget for borna.
    Kos dykk på hytta! Eigen sjarm med dette veret!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...