mandag 22. september 2014

Færre i familien

 Då dei to vaksne karane reiste attende til Austlandet, vart nok matposjonane omtrent halvert her i familien.  Eg har kome fram til at dety er berre ein metode å lage mindre mat på, nemleg å koke i mindre panner.  Eg har nokre ståande.  Dei har tidlegare vorte brukte til egg og gulrøter.
 Av ein eller annan grunnliker eg ikkje så godt panner med handtak. Eg liker øyre betre. Då Flust freista med tilbod og oppsparte poeng, slo eg til på denne panna på 2 1/2 l.
Det er greitt med stålpanner som kan vaskast i maskin.

Ein fyller og sjeldnare opp oppvaskmaskina.  Det merka eg godt i fjor då eg måtte investere i eit par ekstra ostehøvlar.  Elles så kan eg ikkje påstå at eg manglar kjøkenutstyr.

1 kommentar:

  1. Rart det der..
    Fyrst var vi 5 i mange år.
    Så vart det 4 .. så 3... så 4 og no 3 igjen ;-)
    Om nokre år er det nok berre 2 i kvar sin gyngestol alternativt stressless. .
    Kanskje det er mindre gryter som skal til?
    Fort gjort å fortsette med å lage det slik som før.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...