I dg tok eg på meg joggeskoa og gjekk rundt vatnet. Det tek meg omlag ein time og ti minutt. Planen for dagen var nemleg å lage mat! Her har vore nydeleg ver, så vi har og tatt oss tid til kaffi i hagen. Dei svarte nypene såg eg langs vegen.
I staden for å lage blandabalj i foodprosessoren, fann eg fram kverna på Kenwooden. Eg mol alt med den midterste skiva, og deretter blanda eg alt med K-spaden.
Elles så måtte eg no berre lage sagopudding no når eg har gryn. Det er lettvint no når eg har rørereiskap. Eg bruker stålpanne til graut då, så oppvasken tek oppvaskmaskina.
Eg håper at matbloggarane no hiv seg rundt og legg ut oppskrifter med sagogryn. Vert det auka etterspørsel, kan det hende gryna kjem attende i butikkane!
For å få plass til blandabalj i frysaren har eg no sylta fire kg plommer.
Dagen vewrt avslutta med ein god film!
Driftige kjelle !
SvarSlettSame problem med fryseplass fleire stadar forstår eg...
Ja, no er han fylt til vinteren! Mykje godt på lager her ...
SvarSlett