søndag 28. september 2014

Søndag saman med slekta

 I dag var vi ti til bords då vi samla mi side slekta til middag.  Frøkna er reist til Berlin på språkreise.  Eldste kusina kjem ikkje heim før neste helg.  krigsskuleeleven ser vi nok ikkje før i november, men studenten er heime på ferie.  Journalisten stakk oppom før oppdrag.  Slik er det med mange ungdomar i familien.
Eg tok meg ein tur ut i hagen og fann litt forskjellig.  Då eg kom inn att var eg klissvåt.  Det regna i vinkel!

I dag vart det servert lammelår til middag.  Til dessert var det karamellpudding og krydderkokte bær med krem eller is.  Eg synest eg hadde steikt både lammelåra og karamellpuddingen litt hardt.  Men bevisa er snart oppetne, som eg plar seie på skulekjøkenet.

Mor mi hadde med ei eplekake i langpanne til kaffien.  I tillegg hadde vi ei tropisk aroma.  Eit ostefat og godt brød er fast til kaffien her.  Eg tek det gamske avslappa når slekta kjem, for vi har liksom ei oppskrift vi går etter.

 Vi vurderte tur til Kvitneset, men kom raskt fram til at vi tek det ein dag det er kjekkare og tryggare å gå på berga.

2 kommentarer:

  1. Du fann mykje fint i hagen ser eg. Her fekk det slik medfart at det er lite å hente.
    Kjekt med familieselskap, !

    SvarSlett
  2. Såg flott ut dette!
    Kjekt å slike treff.

    Fin haustveke :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...