mandag 15. september 2014

Gullbygg

 I dag oppdaga eg eit nytt produkt på Coop, nemleg såkalla gullbygg. 

Eg er glad i byggrynsgraut, men kjem for sjeldan på å legge gryna i blaut kvelden før.  I dette nye produktet finn ein flak av bygg.  Dei vert kokte på 2-3 minutt.
Eg kokte graut av gullbygg og lettmjølk. Gryna skal rett i varm væske.

Grauten vart god han!  Etter mi meining var han betre enn havregraut. Viss eg skulle sette fingeren på noko, så må det vere dei 20 prosenta lettkokte havregryn.  Kvifor kan ikkje produktet vere reint, så kan dei som vill putte i havregryn?  Folk kan blande som dei vil.

Posen kostar 20 kroner.  Ein kan og kjøpe porsjonspakkar.  Elles såg eg knekkebrød i liknande pakningar.

2 kommentarer:

  1. Bygg er vist blitt den nye in-greia. Har du prøvd ala yoghurtvarianten? Sjølv et eg havregrynsgraut med cottage cheese mest kvar dag, er hekta.

    SvarSlett
  2. Den har eg ikkje sett! Viss du er glad i havregrynsgraut, ser eg ikkje vekk i frå at gullbygg kan bli ein favoritt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...