onsdag 29. august 2018

Huer - eller sommarstrikk.

I vår strikka eg ein genser til Amanda.  Eg tenkte at eg kunne bruke litt restar til ei hue.  Det går omtrent for det same.  Ei hue får ein liksom på kjøpet. Eg synest at Amanda kledde hua godt. 

I juni var eg innom Husfliden i Oslo.  Den som ligg i kjellaren på eit varehus.  Der selde dei slike huer for 415 kr. Vel heime leita eg opp fleire restar og strikka ei som passar til Kari Traa-jakka mi.  Eg spurde Birte om ho ville ha.  Til henne valde vi heilt nøytrale fargar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...