I dag har vi hatt ein roleg dag etter ei heller aktiv veke.
Fredag vart pappa innlagt på sjukehuset att. I slike tider er ein glade for at ein har lokalsjukehus! No håper vi han får vere der til han vert så frisk som mogleg.
I går fylte svogeren vår i Mode 60 år, så då var vi der og feira han.
I dag har yngstemann vore her. Han fekk middag etter jobb. Det er eksamenstid for studentane i familien denne veka. Raudepennen har vore i bruk her i dag og, for å seie det på den måten...
Ja, godt me har lokalsjukehuset.
SvarSlettYnskjer deg ei god førjulsveke på alle frontar.
Takk for det! I dag kom han heim att, friskare no enn sist han var utskriven.
SvarSlett