Når jula nærmar seg, skulle ein ønske at ein hadde liggande eit lager med heimestrikka gåver. Slik vart det ikkje i går heller.
Eg viste frøkna eit bilde av desse hjartevottane, og ho ville gjerne ha dei i ein nøytral farge. i går kveld gjorde eg dei ferdige medan vi venta på at mellomstemann skulle kome køyrande heim frå hovudstaden. eldstemann henta han på Sjøholt sidan sjåføren ikkje skulle til Ålesund.
I dag ventar vi på at voldingane skal kome. Huset er vaska, og no skal eg gjere nokre innkjøp før vi tek kveld.
Desse vottane er nydelege.
SvarSlettLure oå om eg skal prøve å strikke.
Her er me installert på hytta, pinnekjøtet ligg i vatn,
jentene har pynta treet og masse spennande pakkar under.
God jul til deg og dine.
Helsing Anne-Mari