søndag 11. desember 2016

3. søndag i advent

 I dag har vi hatt ein roleg dag etter ei heller aktiv veke.

Fredag vart pappa innlagt på sjukehuset att. I slike tider er ein glade for at ein har lokalsjukehus! No håper vi han får vere der til han vert så frisk som mogleg.

I går fylte svogeren vår i Mode 60 år, så då var vi der og feira han.

I dag har yngstemann vore her.  Han fekk middag etter jobb.  Det er eksamenstid for studentane i familien denne veka.  Raudepennen har vore i bruk her i dag og, for å seie det på den måten...

2 kommentarer:

  1. Ja, godt me har lokalsjukehuset.
    Ynskjer deg ei god førjulsveke på alle frontar.

    SvarSlett
  2. Takk for det! I dag kom han heim att, friskare no enn sist han var utskriven.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...