fredag 7. juni 2013

Snikkik

 Huset vårt har stått litt på hovudet her siste vekene.  Prosjektet har vore oppussing av badet i hovudetasjen. No står det berre att å henge opp nokre småting i tillegg til elektrikarjobben.

 Huset vårt er 20 år gamalt.  Badet oppe vart ikkje særleg påkosta.  Det vart ein del mellombelse løysingar.  Felles for slike er at dei gjerne vert permanente. No har vi lagt fliser på golvet og sett opp plater på veggene. Alle tinga er nye.
Toalettsetet let seg att sjølv.
Ei anna løysing som er på plass, er toalettbørsten, eller dokosten som eg kallar han.  Eg synest det er praktisk å få tinga hengt opp.  Det vil lette golvvasken.

No har vi valt heilt nøytrale fargar.  Eg er så lei av rosa! Men kvite handdukar, som eg eigentleg har sansen for, vert litt for kjedelege å ha hengande til pynt.  Så i dag kjøpte eg eit par lysegule.

Når ting har kome heilt på plass, kan det hende eg kjem tilbake med oversiktsbilete.  No gler eg meg til å teste ut badekaret!

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med nytt bad! Det ser fint ut.

    SvarSlett
  2. Eg også vil ha nytt bad ;-)
    Hus frå starten av 70 talet.. Akk ja..
    Vi valgte pusse opp kjøkkenet då vi flytta inn.

    Ditt var lækkert og til inspirasjon!

    God helg :-)

    SvarSlett
  3. Ser flott ut. Herlig med nytt bad da.
    Skulle gjerne hatt noe nytt på veggene.
    Og ikke minst taket. Jaja. Kommer vel en dag.
    Ønsker deg en herlig dag og håper badekaret
    svarte til forventningene :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...