lørdag 22. juni 2013

Gratulerer Øystein!

I dag kan vi gratulere Øystein med 51-årsdagen.  I år fall dagen på årets beste dag, nemleg første feriedag. På bildet sit han slik han likar seg godt, på Høddkamp.

Vi starta dagen med kaffi og aviser før vi gjorde som pensjonistane seier dei gjer, tok oss ein tur til Vik (Ulsteinvik, ikkje Ørstavik).  Der møtte vi både den eine og den andre.  Det var kjekt, og tida flaug.

Vel heime starta eg å koke yndlingsretten hans, rømmegraut.  Så fekk han ta fram fenalåret sitt.  No har eg laga ei gulrotkake etter same oppskrift som mor mi bruker.  Det er ein risikosport, for hennar er absolutt i særklasse.

2 kommentarer:

  1. Oppskrifta mi på gulrotkake har eg henta på nettet: "Tante Borghilds beste gulrotkake" - etter at eg hadde smakt den hos Bodil. Veldig enkel oppskrift, men eg finraspar gulrøtene med hand, det er det som er arbeidet med den kaka.

    SvarSlett
  2. Den eg fann var den same, men dobbel oppskrift. 10 dl kveitemjøl etc. Dei har laga den på Frukost-TV fleire gonger.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...