tirsdag 11. juni 2013

Studentgenseren ferdig!

No har eg strikka ferdig genseren til den komande studenten.  Både han og eg er godt nøgde med resultatet. Mest spennande synest eg det var om genseren vart fin i halsen.  Det vart han! Ryggen er strikka lengre enn framstykket.  Det vart ein del trådar å feste, men det er ingen ting mot å sette inn ermar etterpå.

Oppskrifta fann eg i Tema 26 Gutter & menn frå Sandnesgarn. (Modell 7) Der er garnforslaga Peer Gynt eller Smart.  Eg brukte Mitu frå Raumagarn.  Eg valde blåfargar i staden for brunfargar, noko eg synest kler den unge mannen godt.


5 kommentarer:

  1. Kjempefin genser. Mykje finare enn den brune som var i heftet!

    SvarSlett
  2. Genseren blei veldig fin! Du er jammen rask! Men du er sikkert flink til å halde deg til eit prosjekt av gangen.

    SvarSlett
  3. Det var eit veldig greitt mønster å strikke. Lite felling i sjølve mønsteret, og raglanfelling er enkelt. Eg har eit lite sideprosjekt som eg skal gjere ferdig før eg kjøper meg garn til ei jakke i Line.

    SvarSlett
  4. Ja det var en veldig flott genser på stilig Student.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...