søndag 5. februar 2012

Litt av ei helg!

Denne helga har det vore vintertreff på Hareid.  Eg har vore nestkommanderande i matkomitéen og hatt ansvar for matserveringa på ungdomsskulen.  Vi har servert brødmåltida til 150 ungdomar.  Til middag og laurdagskveldsmat kom det dobbelt så mange.  Avviklinga av måltida gjekk greitt. Det overraska meg positivt kor flinke ungdomane var å rydde etter seg.  Åt opp maten sin gjorde dei og stort sett.

Eg fekk fri frå eit måltid i går.  Så fekk eg litt kjensle av helg.  Det tøffaste var å gå på ein heil arbeidsdag etter full dag på jobb fredag.  Eg tusla meg heim att i eittida etter å ha stått i kiosken for ein annan.

Ein lærer mykje ei slik helg.  Ikkje minst erfarer ein at folk er forskjellige.  At godt vaksne folk vert sure om dei ikkje får kjøpe rette typen brus, prellar av på meg.  Dei fekk tilbod om gratis jus eller vatn ... Eg har samla nokre gode døme til bruk i opplæring i "korleis ein kan få sagt det same på ulike måtar".

 Andre tek ekstraarbeid med godt humør og hjelper til der dei ser det trengs.  Programmet har eg ikkje fått med meg så mykje av, men eg har berre høyrt positive ting om det.  Eg trur det var mykje som skjedde, så det var liten sjanse til å kjede seg.

Det er nok mange som kan kvile på sine laurbær i kveld!

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med overstått!

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå at det framleis er Vintertreff på Sunnmøre. Har sjølv stått både i brød- og kioskkø på Hareid. Flott at det fortsatt er voksne som er med som støttespelarar når ungdomen samlar seg :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...