tirsdag 21. februar 2012

Feitetysdag

 For meg er det naturleg med rømmegraut på feitetysdag.  Ikkje alltid skjer feiringa på sjølve dagen der heller.  Svigermor mi, som var trønder, var van med kokt kjøt og flesk, slik det også står i den nye kokeboka mi med tradisjonsmat frå Sør-Trøndelag.

Butikkane bruker å følgje opp merkedagar med tilbod.  Seterrømme trur eg ikkje eg har sett på tilbod, men ein butikk selde rimelege svineknokar.

Blogglesarane skal få eit lite middagstips med meg i dag og.  Denne retten kan stå i omnen i fleire timar, og høver derfor for dei som vil ta seg ein tur før middag.

I går såg eg for meg forseinkingar i flytrafikken slik det regna og bles, men alt var sånn nokolunde i rute.  Eg tenkte det kunne vere godt med middag i nitida.  Så eg steikte nokre kotelettar (Beina har eg lagt i ein pose med ei teskei salt.  Dei skal kokast kraft på.) og la dei lagvis med poteter og grønsaker. Gryta med lok på sette eg i omnen i 160 grader ca 2 1/2 time.  Der er ikkje vatn i gryta, berre to boksar med tomatar.  Grønsakene saftar seg slik at det vert høveleg vått.  Enklare kan det vel ikkje gjerast?
For ordens skuld: Retten sakk ikkje så mykje.  Det var nokre som forsynte seg midt i steikinga ...

Meir detaljert oppskrift her. Inspirasjon til middag i dag fann eg hos Alt godt.  Ho fortel at det er vanleg med pannekaker i dei anglosaksiske delane av verda.  Eg skal ikkje starte ein ny pannekakediskusjon på bloggen min.  Men eg meiner at den tida ein sette opp vekemenyar, så var tysdag pannekakedagen?  Kanskje eg får leite etter "bevis" i ein gammal heimkunnskapbok?

4 kommentarer:

  1. Denne retten såg god ut.
    Hadde graut i går vi..
    Men artig med tradisjonar.
    Stilig at du forskar på gjær. sjeldan eg har brukt den raude, men etter di annbefaling bør eg vel det :-)
    Korleis gjekk det med pizzagjæra? Var den betre enn anna gjær til sitt formål?
    God vinterferie!

    SvarSlett
  2. Pizzagjæren er ikkje teken i bruk enno. Spørs om eg må til å forske seriøst der og!

    SvarSlett
  3. Omnsretten ser nydeleg ut.

    Eg likar godt å lage ting i omnen, lettvint og smakfullt.
    Og greit når ein skal på tur eller vil gjere andre ting.
    Ryddig på kjøkenet er det også :)

    Di oppskrift skal eg prøve.

    Framleis god vinterferie !

    SvarSlett
  4. Det som er greitt med denne gryta, er at ein kan rydde ut restar av purreløk, løk, selleri, paprika, tomatar m.m. ut i frå kjøleskåpet. Mitt treng ei slik opprydding innimellom ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...