søndag 12. februar 2012

Så vart det morsdag likevel!

 I dag har folk vore på farten i kvar si retning omtrent heile dagen.  Startskotet var å rigge til i hallen klokka ti. Det tok far i huset seg av.  Men eg greidde å samle alle til middag.
For å få unna restar - og ikkje lage nye, laga eg ei panne lapskaus.
 Kvæfjordkaka vart delt i tolv bitar etter instruksane.  Då eg skulle levere ho, stod det ei sameleis på kakebordet som var fullt.  Mi kake vart sett under bordet, og det vart ikkje behov for ho.  Så synd!  Eg håper alltid at det vert att eit par stykke til dei som er att heime og ser mor ta med seg kaker ut av huset ... No skal vi ha oss kveldsmat og kake.
Til å vere i mot den kommersielle sida av morsdagsfeiringa har eg fått svært fine gåver, her representert med ein ny iPod! Humoristen i familien, han eg ser Lillyhammer saman med, gav meg ikkje kløpinne.

Den flotte konserten kan de lese meir om på Vikebladet.

1 kommentar:

  1. Å den middagen såg god ut!

    Takk for helsing frå deg :)

    Ja, det er kvit marsipan med sølvdust. (pulver på boks)

    Kjøpt på Jernia, som har DEN flotte bake avdelinga..

    Ynskjer deg ei god ny veke!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...