søndag 26. februar 2012

Stirren ...

 ... har eg kalla denne "oppladbare" vispen som eg fekk til jul av han som hadde handla på ein nettstad som reklamerer for eit enklare liv. Vispen fungerer greitt til posesausar.  Viss ein vil bruke sterk varme, bør ein røre ut pulveret med ein vanleg visp først.  I dag dette eg plata på middels temperatur og let stirren gjere rørejobben medan eg steikte kjøt og kutta grønsaker til lapskaus.

Heimelaga brun saus er vel ikkje så sunn at den ikkje kan erstattast med posesaus som berre inneheld 1% feitt.  Med godt oksekjøt i retten forsvinn kjøpesmaken.
 I dag dekte eg med kvardagstallerkane for å matche salt- og peparbøssene som dei kjøpte i Barcelona.
No er vinterferien slutt her på Sunnmøre.  Eg har fått gjort litt av kvart, synest eg. I morgon stiller eg med to bunkar ferdigretta norsktekstar og 1 1/2 klassesett mat og helse-prøver.  Det er ein god start på perioden fram mot påske! I morgon skal vi til Ulsteinvik og kursast i munnleg eksamen.  Det går mot vår!

1 kommentar:

  1. Eg trur ikkje eg treng slik visp, greier meg med det utstyret eg har til mitt bruk.Eg brukar oftast kjøpesaus eller ferdig bruning, men når her kjem barnebarn som er glade i saus lagar eg frå grunnen av.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...