onsdag 22. februar 2012

Oskeonsdag

 Datamaskina vår syng bokstavleg talt på siste verset.  Og songen er ganske falsk og irriterande.  Så i dag bestemte vi oss for ta oss ein bytur etter ei ny.  Det var ærendet.  Når ein går på eit kjøpesenter, er det lett å falle for freistingar.  Medan eg stod og betalte desse løkane, høyrde eg nokre kjende stemmer. Der stod systra mi med tre av borna!  dei var på gardinhandel.  Vi inviterte dei over Eidet på ein svært enkel meny: Pølser med brød, og is til dessert. Det vart ei triveleg stund med mat, prat og kortspel.
Lys og serviettar kjøpte eg på Nille her om dagen på -70%.  Eg tenkte fargane ville høve godt til oskeonsdag. Blomsterpotta hadde eg frå før.

Datamaskina? Ho måtte bestillast, men kjem truleg allereie i morgon.

2 kommentarer:

  1. Det Raumaheftet er gammalt, men inneheld mange fine og greie mønster på tradisjonelle vottar, vanter, strømper og huer i Rauma 3tr. Eg likar så godt enkle selbuvottar med store 8-bladroser, og det er der mønster på i heftet i str. 3 år- herre.
    Sei frå viss du vil ha kopi.

    SvarSlett
  2. Eg held på med dei vottane eg fekk mønster av deg - og eit anna prosjekt ... Skal seie frå!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...