mandag 20. februar 2012

Heime åleine

Denne filmen plukka eg med meg frå Oslo City førre fredag.  Ingen har vist interesse for å sjå den saman med meg.  Med laurdag kveld var eg heime åleine, noko eg sjølvsagt ikkje legg ut på nett! Då passa det fint å sjå filmen The Help, med den norske, etter mitt syn dårlegare, tittelen Barnepiken. Boka las eg i november.  Eg ser at eg likte boka og hadde planar om å kjøpe DVD-en.

I boka var det ulike forteljarstemmer.  Filmen tek for seg historia i boka, men ein får naturleg nok ikkje med seg alle tankar og nyansar som i boka. Ein har til dømes valt å berre antyde konemishandling.

Eg likte filmen.  Den gjev eit godt bilde av samtida. Nokre personar er rett nok berre skildra som typar. Når ei spør heksa i filmen "Er du ikkje trøytt?", så får ho sagt mykje.

Dette er ein film som bør vere obligatorisk for alle amerikanarar.  Det viser ein viktig del av historia deira.  Ein kan forstå at amerikanarane er svært vare for rasisme.  Afroamerikanarane levde først som slavar, og seinare som dårleg betalte tenarar. Desse hushjelpene i filmen lever tett inn på den kvite familien dei arbeider for.  Det er ikkje uproblematisk å gå frå sine eigne born om morgonen for å oppsede andre sine. Og dei føler seg ikkje mykje verd når dei ikkje kan få nytte same toalett som familien til dømes.

Eg vil oppmode alle om å lese boka og sjå filmen!

6 kommentarer:

  1. Som du veit, såg vi denne på Seniorkino, og det er vel den filmen som har slått best an hos pensjonistane.Filmar ER betre på kino, og her var det fine bilde og fine fargar, og den virka veldig tidsrett. Eg synest filmen var veldig lik boka, som regel blir ein skuffa over filmen når ein har lese boka først, det blei eg ikkje her. Men eg har fått litt problem med sjokoladekake.

    SvarSlett
  2. Sikkert kjekt for pensjonistane som opplevde same tida i Norge, kanskje? Eg synest til dømes mora kom betre fram i filmen.

    SvarSlett
  3. Du har en kul blogg :-)

    SvarSlett
  4. Eg las boka i jula og likte den godt.
    Fint at filmen er god, ofte blir ein skuffa. Og alltid best å ha lese boka først.
    Takk for tipset. Eg skal prøve å få sett denne filmen i vinterferien.
    Gler meg alleireie :)

    Ynskjer deg gode vinterferiedagar !!

    SvarSlett
  5. Takk alle saman!

    Ja, eg og meiner ein må lese boka først. Vert det heilt tett, så er det interessant å sjå korleis filmskaparane tolkar og gjer utval.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...