onsdag 8. februar 2012

Fylte hyller

 Då har det kome usalta smør i butikken!  Det er svært sjeldan eg bakar med dette produktet, men når det har mangla, er det akkurat som ein blir dradd mot nettopp desse oppskriftene.  I den nye kakeboka mi var der spesielt ei kake eg har lyst å lage.

Fredag reiser eg til hovudstaden der eg skal på årsmøte for Landslaget i mat og helse.  Vi skal bli kursa i Fettskolen på Mills.  Det skal bli interessant.

Til morsdag skal eg bake kake til korpskonserten.  Studenten kjem truleg heim i helga.  Han reiser nordover medan eg reiser sørover.
Eit nytt produkt datt opp i handlekorga mi i dag: Ein gjær som ikkje trekkjer seg attende når ein kjevlar ut pizza. Har blogglesarane prøvd denne gjæren?

1 kommentar:

  1. Eg skreiv ein lengre epistel her i går kveld, men så vart eg kasta ut då eg skulle poste den, eg var visst ikkje innlogga på wordpress likevel. Då vart eg så demotivert at eg slo det heile frå meg. Men det eg skulle seie var: Eg har sett den gjæra, men eg har ikkje prøvd den. Er det ikkje usannsynleg at gjæra i seg sjølv skal medføre at deigen trekker seg mindre saman? Det er vel glutenet i mjølet som gjer det heile seigt? Kva er gjæra tilsett i tillegg til sjølve gjæra?

    Usalta smør brukar eg svært sjeldan. Eg likar saltsmaken det vanlege smøret gir, og syns kaker bakt med usalta smør smakar "daudt". Her har det gått i fransk smør i det siste. I går kosta det 5,- for 250 g, omtrent det det kostar i Frankrike. Det er godt på smak, men fastare enn eg er vand med. Når eg har smøret i ei skål med lok på kjøkkenet er det ganske smøremjukt. Men dette franske smøret er noko fastare. Det må ha med feittsyresamansetjinga, kanskje.

    Dessutan: Her ein dag prøvde eg å lage paideig med franskesmøret. Eg gjorde det slik eg er vand med, lot den kvile den forskriftsmessige halvtimen og kjevla den ut. Så putta eg den i forma, klemte den godt ut i kantane og klipte av kanten med god margin, slik at eit stykke deig hang over kanten.

    Då eg forsteikte den sjekka eg etter nokre minutt at alt gjekk bra, og då fekk eg meg ein stuss. Deigen hadde krympa, så den var langt nede på innerkanten av paiforma! Var ikkje det snodig?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...