onsdag 29. februar 2012

Heller ikkje i dag ...

... kom bøkene eg har bestilt på Mammutsal.  Sidan eg hadde eit nødvendig ærend i byen, tråla eg senterbokhandlane der.  Eg fann ikkje noko av interesse.
Derimot gjekk eg meg på blomsterløkar i potter for 20 kr stk.  Då vart sjølvsagt nokre med heim.  Dette er vel eit sikkert vårteikn på skotårsdagen?

3 kommentarer:

  1. Rart du må vente så lenge på bøkene. Då kan det ikkje vere Haugenbok, for derifrå kjem det i ekspressfart, til vanleg iallfall..

    Løkane kjem du til å få mykje glede av.
    Det er verkeleg vår i vente :)

    Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  2. Nei, det var ikkje frå Haugen eg bestilte, og det angrar eg på. Då har eg alltid fått dei første salsdag.

    SvarSlett
  3. Dei løkane gjekk eg meg på og! :-) Muscari og raude tulipanar får stå inne og blomstre, krokus og bridal crown får pynte trammen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...