søndag 22. mars 2015

På tide!

Av og til så kan ein lure på kva som utløyser ei handling. Det er ofte ein kombinasjon av idear. Indag såg eg på rabarbraen som har kome med små skot. I går måtte coopkupongane løysast inn. Vaniljesaus og tacosaus stod eg over. Kva skulle eg med det når eg hadde på lager? Eit problem eg har før påske, er full frysar. Det er ein som vil fiske.

Så kom eg på å lage rabarbrakake i langpanne medan eg steikte kotelettar. Delar av kaka vart servert til dessert ei stund etter middag. Oppskrifta fann eg med å søke på bloggen. Ek kutta ut vatnet i oppskrifta. Frosen rabarbra gjekk heilt bra!

(Blogga via I-pad.)

4 kommentarer:

  1. Lurt å redusere beholdninga i frysaren.
    Eg har rabarbra der eg òg, og no nærmar sesongen seg...

    SvarSlett
  2. Ja tida er vel inne for å tømme fryseren for bær og frukt nå.
    Må se om jeg ikke får gjort litt av det her også snart.
    Rabarbrakake med is el vaniljesaus er veldig godt.
    Ha ei flott ny våruke :)

    SvarSlett
  3. Eg fekk brukt opp 1,3 kg rabarbra, så det monna litt.

    SvarSlett
  4. Har litt solbær som må brukast :-)
    Fort gjort å "gløyme" kva ein har i frysaren..
    Såg veldig godt ut med Rabarbra kake!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...